12 Han undersøkte dei, byrja hos den eldste og enda hos den yngste. Og begeret vart funne i sekken til Benjamin.
13 Då reiv dei sund kleda sine, leste på kvart sitt esel og drog tilbake til byen.
14 Då Juda og brørne hans kom inn i huset til Josef, var Josef der enno. Og dei kasta seg til jorda for han.
15 Josef sa til dei: «Kva er det de har gjort? Veit de ikkje at ein mann som eg kan spå?»
16 «Kva skal vi svara, herre?» sa Juda. «Kva kan vi seia? Korleis kan vi visa at vi er skuldlause? Gud har funne skuld hos tenarane dine. No er vi slavane dine, herre, både vi og han begeret vart funne hos.»
17 Men Josef sa: «Det kunne ikkje falla meg inn å gjera slikt! Mannen som hadde begeret, skal vera slaven min. De andre kan dra opp til far dykkar.»
18 Då gjekk Juda bort til han og sa: «Orsak, herre. Høyr kva tenaren din har å seia, og bli ikkje sint på tenaren din, du er då sjølv lik farao.