23 Men du sa til tenarane dine: Kjem ikkje yngste bror dykkar hit saman med dykk, skal de ikkje få tre fram for meg.
24 Då vi så kom heim att til far vår, tenaren din, fortalde vi han kva du hadde sagt, herre.
25 Han sa: Dra av stad att og kjøp litt mat til oss.
26 Vi svara: Vi kan ikkje dra ned utan at den yngste bror vår er med. Dreg vi utan bror vår, får vi ikkje sjå mannen.
27 Då sa far vår, tenaren din, til oss: De veit at kona mi fødde meg to søner.
28 Den eine vart borte for meg. Eg sa at han sikkert var riven i hel, og eg har ikkje sett han sidan.
29 Om de òg tek denne frå meg og det skulle skje ei ulukke med han, då sender de meg gråhåra og sorgtung ned i dødsriket.