5 Er ikkje dette det begeret som herren min drikk av, og som han spår i? Det er vondt, det de har gjort!»
6 Han tok dei att og sa dette til dei.
7 Men dei svara han: «Kvifor seier herren vår dette? Det kunne ikkje falla tenarane dine inn å gjera noko slikt!
8 Sjå, pengane vi fann øvst i sekkene våre, tok vi med oss tilbake til deg frå Kanaan. Kvifor skulle vi stela sølv eller gull frå huset til herren din?
9 Den av tenarane dine som begeret blir funne hos, skal døy, og vi andre skal vera slavar for herren vår.»
10 Han svara: «Det skal bli som de seier denne gongen òg. Den som begeret blir funne hos, skal vera slaven min, de andre skal vera utan skuld.»
11 Så skunda dei seg og lyfte kvar sin sekk ned på jorda og opna dei.