8 Sjå, pengane vi fann øvst i sekkene våre, tok vi med oss tilbake til deg frå Kanaan. Kvifor skulle vi stela sølv eller gull frå huset til herren din?
9 Den av tenarane dine som begeret blir funne hos, skal døy, og vi andre skal vera slavar for herren vår.»
10 Han svara: «Det skal bli som de seier denne gongen òg. Den som begeret blir funne hos, skal vera slaven min, de andre skal vera utan skuld.»
11 Så skunda dei seg og lyfte kvar sin sekk ned på jorda og opna dei.
12 Han undersøkte dei, byrja hos den eldste og enda hos den yngste. Og begeret vart funne i sekken til Benjamin.
13 Då reiv dei sund kleda sine, leste på kvart sitt esel og drog tilbake til byen.
14 Då Juda og brørne hans kom inn i huset til Josef, var Josef der enno. Og dei kasta seg til jorda for han.