10 Du skal få bu i Gosen og vera nær meg, både du og borna og barneborna dine, småfeet og storfeet ditt og alt du eig.
11 Eg skal syta for deg der, for enno kjem det fem år med hungersnaud. Korkje du eller ditt hus eller nokon av dine skal lida naud.»
12 No ser de med eigne auge, både de og Benjamin, bror min, at det er eg som talar til dykk.
13 Fortel far min om all den ære og makt eg har i Egypt, og om alt de har sett. Skund dykk, kom hit ned med far.
14 Så kasta han seg om halsen på Benjamin, bror sin, og gret, og Benjamin gret på skuldra hans.
15 Han kyste alle brørne sine og gret med dei. Etter dette tala brørne med han.
16 Då dei fekk høyra i huset til farao at brørne til Josef var komne, vart farao og tenarane hans glade.