14 Så kasta han seg om halsen på Benjamin, bror sin, og gret, og Benjamin gret på skuldra hans.
15 Han kyste alle brørne sine og gret med dei. Etter dette tala brørne med han.
16 Då dei fekk høyra i huset til farao at brørne til Josef var komne, vart farao og tenarane hans glade.
17 Farao sa til Josef: «Sei til brørne dine: Dette skal de gjera: Less på dyra dykkar og far heim att til Kanaan!
18 Ta så far dykkar og huslydane dykkar og kom til meg. Så skal eg gje dykk det beste landet i Egypt, og de skal eta av det feitaste i landet.
19 Du skal by dei å gjera dette: Ta med vogner frå Egypt til kvinnene og borna! Hent far dykkar og kom hit!
20 De skal ikkje bry dykk om tinga de eig, for det beste i heile Egypt skal høyra dykk til.»