2 Han brast i gråt så høgt at egyptarane høyrde det, og huset til farao fekk høyra om det.
3 Så sa Josef til brørne sine: «Eg er Josef! Lever far min enno?» Men brørne kunne ikkje svara han; dei stod framfor han, slegne av skrekk.
4 Josef sa til dei: «Kom hit til meg!» Dei gjekk bort til han, og han sa:Eg er Josef, bror dykkar, han de selde til Egypt.
5 Ver no ikkje sorgfulle og døm ikkje dykk sjølve fordi de selde meg. Det var for å berga liv at Gud sende meg føre dykk.
6 I to år har det vore hungersnaud i landet, og i enno fem år skal det korkje bli pløgd eller hausta.
7 Men Gud sende meg i førevegen for å la dykk bli ein rest på jorda, så de skal leva og mange bli berga.
8 Så det var ikkje de som sende meg hit, men Gud. Han sette meg til far for farao, til herre over heile hans hus og til styrar over heile Egypt.