21 Israels søner gjorde så. Josef gav dei vogner, slik farao hadde sagt, og mat på vegen.
22 Han gav nye klede til kvar av dei. Til Benjamin gav han tre hundre sjekel sølv og fem klesskift.
23 Til far sin sende han ti esel med noko av det beste som fanst i Egypt, og ti eselhopper som bar treskt korn og brød og mat som faren skulle ha på reisa.
24 Så sende han brørne sine av garde. Då dei drog, sa han: «De må ikkje krangla på vegen!»
25 Dei drog opp frå Egypt og kom til far sin, Jakob, i Kanaan.
26 Dei fortalde: «Josef lever. Han er styrar over heile Egypt.» Men far deira var like kald i hjartet, for han trudde dei ikkje.
27 Då fortalde dei han alt det Josef hadde sagt dei, og han fekk sjå vognene som Josef hadde sendt for å henta han. Då livna Jakob til.