24 Så sende han brørne sine av garde. Då dei drog, sa han: «De må ikkje krangla på vegen!»
25 Dei drog opp frå Egypt og kom til far sin, Jakob, i Kanaan.
26 Dei fortalde: «Josef lever. Han er styrar over heile Egypt.» Men far deira var like kald i hjartet, for han trudde dei ikkje.
27 Då fortalde dei han alt det Josef hadde sagt dei, og han fekk sjå vognene som Josef hadde sendt for å henta han. Då livna Jakob til.
28 «Dette er stort!» sa Israel. «Josef, son min, lever enno! Eg vil reisa og sjå han før eg døyr.»