6 I to år har det vore hungersnaud i landet, og i enno fem år skal det korkje bli pløgd eller hausta.
7 Men Gud sende meg i førevegen for å la dykk bli ein rest på jorda, så de skal leva og mange bli berga.
8 Så det var ikkje de som sende meg hit, men Gud. Han sette meg til far for farao, til herre over heile hans hus og til styrar over heile Egypt.
9 Skund dykk, dra opp til far og sei: Så seier Josef, son din: «Gud har sett meg til herre over heile Egypt. Kom ned til meg, og dryg ikkje!
10 Du skal få bu i Gosen og vera nær meg, både du og borna og barneborna dine, småfeet og storfeet ditt og alt du eig.
11 Eg skal syta for deg der, for enno kjem det fem år med hungersnaud. Korkje du eller ditt hus eller nokon av dine skal lida naud.»
12 No ser de med eigne auge, både de og Benjamin, bror min, at det er eg som talar til dykk.