1 Så braut Israel opp med alt det han hadde. Då han kom til Beer-Sjeba, ofra han slaktoffer til han som var Gud til Isak, far hans.
2 Gud tala til Israel i eit syn om natta og sa: «Jakob, Jakob!» Og han svara: «Her er eg.»
3 Så sa han: «Eg er Gud, Gud til far din. Ver ikkje redd for å dra ned til Egypt, for eg vil gjera deg til eit stort folk der.
4 Eg går med deg ned til Egypt, men eg skal føra deg opp att òg. Og handa til Josef skal lukka auga dine.»
5 Så reiste Jakob frå Beer-Sjeba. Israels-sønene lyfte Jakob, far sin, kvinnene og borna opp i vognene som farao hadde sendt for å henta han.
6 Dei tok med seg buskapen og alle eigedelane dei hadde samla seg i Kanaan. Så kom Jakob og heile ætta hans med han til Egypt.