23 Son til Dan: Husjim;
24 sønene til Naftali: Jahseel, Guni, Jeser og Sjillem.
25 Dette var sønene til Bilha, som Laban gav Rakel, dotter si. Desse fødde ho Jakob, sju i talet.
26 Dei som kom med Jakob til Egypt, og som stamma frå han, var sekstiseks i talet, forutan sonekonene hans.
27 Josef hadde to søner som vart fødde i Egypt. Dei som kom med Jakobs hus til Egypt, var sytti i talet.
28 Jakob sende Juda føre seg til Josef for at han skulle visa veg til Gosen. Og dei kom til landet Gosen.
29 Josef spente for vogna og drog opp for å møta Israel, far sin, i Gosen. Då han fekk sjå han, kasta han seg om halsen på han og gret lenge på skuldra hans.