11 Josef lét far sin og brørne sine busetja seg i Egypt. Han gav dei eigedom i den beste delen av landet, i Ramses, slik som farao hadde sagt.
12 Og Josef sytte for mat til far sin og brørne sine og heile familien til far sin, alt etter talet på borna deira.
13 Det fanst ikkje mat i heile landet, for hungersnauda var svært hard. Egypt og Kanaan var avkrefta av svolt.
14 Josef samla då alle pengane som fanst i Egypt og Kanaan, det folk hadde gjeve for kornet dei hadde kjøpt, og Josef tok pengane med til huset åt farao.
15 Men då det var slutt på pengane i Egypt og Kanaan, kom alle egyptarane til Josef og sa: «Gjev oss mat! Skal vi døy for auga dine? Vi har ikkje meir pengar.»
16 Josef svara: «Kom hit med buskapen dykkar. Eg vil gje dykk korn for buskapen dersom det er slutt på pengane.»
17 Då kom dei til Josef med buskapen sin, og Josef gav dei korn for hestane, småfeet, storfeet og esla. Slik sytte han for korn til dei det året, i byte mot heile buskapen deira.