18 Året gjekk, og året etter kom dei til han og sa: «Vi vil ikkje løyna for herren vår at det er slutt på pengane og buskapen. No har vi ikkje anna å by deg enn oss sjølve og jorda vår.
19 Kvifor skal vi døy for auga dine, både vi og jorda vår? Kjøp oss og jorda vår i byte for mat, så skal vi med jorda vår vera slavar for farao! Gjev oss såkorn, så vi kan leva og ikkje døy, og jorda vår ikkje blir lagd aud!»
20 Og Josef kjøpte all jord i Egypt til farao. Egyptarane selde alle åkrane sine, for hungersnauda var hard. Slik vart farao eigar av all jord i landet.
21 Folket flytte han til byane, frå den eine enden av Egypt til den andre.
22 Berre jorda til prestane kjøpte han ikkje, for prestane hadde ei fastsett inntekt frå farao. Dei åt av det han gav dei, og selde difor ikkje jorda si.
23 Josef sa til folket: «I dag har eg kjøpt dykk og jorda dykkar til farao. Her har de såkorn slik at de kan så til åkrane!
24 De skal gje farao ein femtedel av avlinga. Dei fire andre delane skal de ha til såkorn og mat for dykk og huslydane og borna dykkar.»