2 Han tok ut fem av brørne sine og førte dei fram for farao.
3 Farao sa til brørne: «Kva har de til leveveg?» Dei svara han: «Tenarane dine er gjetarar, vi som fedrane våre.
4 Vi er komne for å bu her i landet», sa dei til farao. «Tenarane dine fann ikkje beite for småfeet sitt, for hungersnauda låg tungt over Kanaan. Lat no tenarane dine få bu i Gosen!»
5 Då sa farao til Josef: «Far din og brørne dine er komne til deg.
6 Heile Egypt ligg ope framfor deg. Lat far din og brørne dine bu i den beste delen av landet! Dei kan bu i Gosen. Og veit du at det finst dugande folk blant dei, så gjev dei ansvaret for buskapen min.»
7 Josef henta far sin og førte han fram for farao, og Jakob helsa farao.
8 «Kor gammal er du?» spurde farao.