25 Då svara dei: «Du har berga livet vårt. Berre du ser på oss med velvilje, herre, skal vi vera slavar for farao.»
26 Så gjorde Josef dette til ei lov som gjeld den dag i dag for jorda i Egypt, at farao skulle ha ein femtedel. Berre jorda til prestane høyrde ikkje farao til.
27 Israel vart buande i Egypt, i Gosen. Dei fekk seg eigedom der, var fruktbare og vart svært talrike.
28 Jakob levde 17 år i Egypt. Han levde i 147 samfulle år.
29 Då det nærma seg tida då Israel skulle døy, kalla han på Josef, son sin, og sa: «Om du har velvilje for meg, så legg handa di i fanget mitt. Ver god og trufast mot meg så du ikkje gravlegg meg i Egypt!
30 Når eg går til kvile hos fedrane mine, før meg då opp frå Egypt og legg meg i grava deira!» «Eg skal gjera som du seier», svara Josef.
31 Då sa Jakob: «Sver på det for meg!» Og han svor på det. Så bøygde Israel seg i bøn ved hovudgjerda.