4 Vi er komne for å bu her i landet», sa dei til farao. «Tenarane dine fann ikkje beite for småfeet sitt, for hungersnauda låg tungt over Kanaan. Lat no tenarane dine få bu i Gosen!»
5 Då sa farao til Josef: «Far din og brørne dine er komne til deg.
6 Heile Egypt ligg ope framfor deg. Lat far din og brørne dine bu i den beste delen av landet! Dei kan bu i Gosen. Og veit du at det finst dugande folk blant dei, så gjev dei ansvaret for buskapen min.»
7 Josef henta far sin og førte han fram for farao, og Jakob helsa farao.
8 «Kor gammal er du?» spurde farao.
9 Jakob svara: «Eg har vandra omkring som ein framand i 130 år. Få og vonde har leveåra mine vore. Dei har vore færre enn leveåra til fedrane mine den tid dei vandra omkring.»
10 Så velsigna Jakob farao og gjekk bort frå han.