1 Ei tid etter dette hadde hendt, vart det sagt til Josef: «Far din er sjuk.» Då tok han med seg dei to sønene sine, Manasse og Efraim.
2 Det vart meldt til Jakob at Josef, son hans, var komen til han. Då gjorde Israel seg sterk og sette seg opp i senga.
3 Jakob sa til Josef:Gud, Den veldige, synte seg for meg i Lus i Kanaan og velsigna meg.
4 Han sa til meg: «Sjå, eg vil gjera deg fruktbar og talrik og gjera deg til ei forsamling av mange folk. Eg gjev etterkomarane dine dette landet i eige til evig tid.»
5 No skal dei to sønene som du fekk i Egypt før eg kom hit, høyra meg til. Efraim og Manasse skal høyra meg til slik Ruben og Simon gjer.
6 Men dei borna du fekk etter dei, skal vera dine. Dei skal ha namn etter brørne sine i det landet dei skal arva.