3 Jakob sa til Josef:Gud, Den veldige, synte seg for meg i Lus i Kanaan og velsigna meg.
4 Han sa til meg: «Sjå, eg vil gjera deg fruktbar og talrik og gjera deg til ei forsamling av mange folk. Eg gjev etterkomarane dine dette landet i eige til evig tid.»
5 No skal dei to sønene som du fekk i Egypt før eg kom hit, høyra meg til. Efraim og Manasse skal høyra meg til slik Ruben og Simon gjer.
6 Men dei borna du fekk etter dei, skal vera dine. Dei skal ha namn etter brørne sine i det landet dei skal arva.
7 Då eg kom frå Paddan, døydde Rakel frå meg på reisa. Det var i Kanaan, eit stykke før vi kom til Efrat. Eg gravla henne der på veg til Efrat, det er Betlehem.
8 Så fekk Israel sjå sønene til Josef. «Kven er desse?» spurde han.
9 Josef svara: «Det er sønene mine, som Gud har gjeve meg her.» Då sa Jakob: «Kom til meg med dei, så eg kan velsigna dei!»