5 No skal dei to sønene som du fekk i Egypt før eg kom hit, høyra meg til. Efraim og Manasse skal høyra meg til slik Ruben og Simon gjer.
6 Men dei borna du fekk etter dei, skal vera dine. Dei skal ha namn etter brørne sine i det landet dei skal arva.
7 Då eg kom frå Paddan, døydde Rakel frå meg på reisa. Det var i Kanaan, eit stykke før vi kom til Efrat. Eg gravla henne der på veg til Efrat, det er Betlehem.
8 Så fekk Israel sjå sønene til Josef. «Kven er desse?» spurde han.
9 Josef svara: «Det er sønene mine, som Gud har gjeve meg her.» Då sa Jakob: «Kom til meg med dei, så eg kan velsigna dei!»
10 Israels auge var tyngde av alder, så han kunne mest ikkje sjå. Josef førte dei til han, og far hans kyste dei og slo armane rundt dei.
11 Israel sa til Josef: «Eg trudde ikkje eg skulle få sjå andletet ditt att, men no har Gud endåtil late meg få sjå borna dine!»