8 Så fekk Israel sjå sønene til Josef. «Kven er desse?» spurde han.
9 Josef svara: «Det er sønene mine, som Gud har gjeve meg her.» Då sa Jakob: «Kom til meg med dei, så eg kan velsigna dei!»
10 Israels auge var tyngde av alder, så han kunne mest ikkje sjå. Josef førte dei til han, og far hans kyste dei og slo armane rundt dei.
11 Israel sa til Josef: «Eg trudde ikkje eg skulle få sjå andletet ditt att, men no har Gud endåtil late meg få sjå borna dine!»
12 Så tok Josef dei ned frå fanget hans og bøygde seg med andletet mot jorda.
13 Sidan tok Josef begge to og leidde dei fram til han, Efraim i den høgre handa, til venstre for Israel, og Manasse i den venstre handa, til høgre for Israel.
14 Men Israel strekte ut den høgre handa og la henne på hovudet til Efraim, endå han var yngst, og den venstre la han på hovudet til Manasse. Han kryssa altså armane. Men Manasse var den eldste.