21 Naftali er ei hind som spring fritt;han talar vakre ord.
22 Josef er eit ungt frukttre,eit ungt frukttre ved kjelda;greinene kliv opp etter muren.
23 Bogeskyttarane gjer han bitter,dei skyt på han og strider mot han.
24 Men bogen hans er stø,armar og hender er ledugetakka vere Jakobs Mektige,han som er gjetaren, Israels Fjell,
25 Gud til far din, han som hjelper deg,Den veldige, han som velsignar degmed signing frå himmelen der oppe,med signing frå djupet der nede,med signing frå bryst og morsliv.
26 Velsigningane frå far din er rikareenn velsigningane frå dei evige fjella,enn herlegdomen til dei eldgamle høgdene.Lat dei koma over Josefs hovud,over issen på hansom er fyrste blant brørne sine!
27 Benjamin er ein jagande ulv.Om morgonen et han rovet,om kvelden deler han byttet.