30 Det er den hòla som er på Makpela-marka, austafor Mamre i Kanaan, det jordstykket som Abraham kjøpte av hetitten Efron for å ha til gravstad.
31 Der gravla dei Abraham og Sara, kona hans; der gravla dei Isak og Rebekka, kona hans; og der gravla eg Lea.
32 Marka og hòla der er kjøpte frå hetittane.»
33 Då Jakob hadde gjeve sønene sine dette påbodet, drog han føtene opp i senga. Så anda han ut og vart sameina med folket sitt.