4 Men du brusar over som vatnet,difor skal du ingen føremon ha.For då du steig opp i senga til far din,vanæra du henne– i leiet mitt steig han opp.
5 Simon og Levi er brør.Våpna deira er reiskapar for vald.
6 Mi sjel, møt ikkje i deira råd!Mi ære, ver ikkje med i deira forsamling!For i sinne drap dei menn,sjølvrådige skamskar dei oksar.
7 Forbanna er sinnet deira, for det er kraftig,og raseriet deira, for det er veldig!Eg vil splitta dei i Jakobog spreia dei ut i Israel.
8 Juda, deg prisar brørne dine,du har handa på nakken til fienden,sønene til far din bøyer seg for deg.
9 Ein løveunge er Juda!Frå byttet reiser du deg opp, son min.Han legg seg til ro og strekkjer seg som ei løve,som ei løvinne – kven vekkjer han?
10 Septer skal ikkje vika frå Judaeller herskarstav frå føtene hanstil eigaren kjem,han som folka skal lyda.