6 Mi sjel, møt ikkje i deira råd!Mi ære, ver ikkje med i deira forsamling!For i sinne drap dei menn,sjølvrådige skamskar dei oksar.
7 Forbanna er sinnet deira, for det er kraftig,og raseriet deira, for det er veldig!Eg vil splitta dei i Jakobog spreia dei ut i Israel.
8 Juda, deg prisar brørne dine,du har handa på nakken til fienden,sønene til far din bøyer seg for deg.
9 Ein løveunge er Juda!Frå byttet reiser du deg opp, son min.Han legg seg til ro og strekkjer seg som ei løve,som ei løvinne – kven vekkjer han?
10 Septer skal ikkje vika frå Judaeller herskarstav frå føtene hanstil eigaren kjem,han som folka skal lyda.
11 Han bind eselet i vinstokken,eselfolen i den edle ranka.Han vaskar kleda sine i vin,kjortelen i drueblod.
12 Auga hans er mørkare enn vin,tennene kvitare enn mjølk.