8 Juda, deg prisar brørne dine,du har handa på nakken til fienden,sønene til far din bøyer seg for deg.
9 Ein løveunge er Juda!Frå byttet reiser du deg opp, son min.Han legg seg til ro og strekkjer seg som ei løve,som ei løvinne – kven vekkjer han?
10 Septer skal ikkje vika frå Judaeller herskarstav frå føtene hanstil eigaren kjem,han som folka skal lyda.
11 Han bind eselet i vinstokken,eselfolen i den edle ranka.Han vaskar kleda sine i vin,kjortelen i drueblod.
12 Auga hans er mørkare enn vin,tennene kvitare enn mjølk.
13 Sebulon bur ved havsens kyst,kysten der skipa legg til,grensa hans går til Sidon.
14 Jissakar er eit velbygd eselsom ligg mellom to kløvkorger.