7 Etter at Set hadde fått Enosj, levde han endå 807 år og fekk søner og døtrer.
8 Set levde i 912 samfulle år. Så døydde han.
9 Då Enosj var 90 år, fekk han sonen Kenan.
10 Etter at Enosj hadde fått Kenan, levde han endå 815 år og fekk søner og døtrer.
11 Enosj levde i 905 samfulle år. Så døydde han.
12 Då Kenan var 70 år, fekk han sonen Mahalalel.
13 Etter at Kenan hadde fått Mahalalel, levde han endå 840 år og fekk søner og døtrer.