1 Då kasta Josef seg gråtande ned over far sin og kyste han.
2 Og Josef baud at legane han hadde i si teneste, skulle balsamera faren; og legane balsamerte Israel.
3 Det tok førti dagar, for så lang tid tek ei balsamering. Og egyptarane gret over han i sytti dagar.
4 Då sørgjetida var over, sa Josef til dei som tente ved hoffet til farao: «Om de har velvilje for meg, så sei til farao:
5 Far min tok meg i eid og sa: Når eg no døyr, må du leggja meg i den grava eg kjøpte meg i Kanaan. Lat meg difor få dra opp og gravleggja far min og så koma tilbake!»