13 Dei førte han til Kanaan og gravla han i hòla på Makpela-marka, austafor Mamre, det jordstykket Abraham kjøpte av hetitten Efron for å ha til gravstad.
14 Då Josef hadde gravlagt far sin, drog han tilbake til Egypt saman med brørne sine og alle som hadde drege opp med han for å gravleggja Jakob.
15 Då brørne til Josef såg at far deira var død, sa dei: «Berre no ikkje Josef legg oss for hat og gjev oss att for alt det vonde vi har gjort mot han!»
16 Så sende dei bod til Josef og sa: «Før han døydde, baud far din
17 at vi skulle seia dette til deg: Kjære, tilgjev brørne dine den uretten dei gjorde då dei synda og handla vondt mot deg. Tilgjev no uretten som er gjord av oss som tener din fars Gud.» Josef gret då dei tala slik til han.
18 Sidan kom brørne sjølve og kasta seg ned for han og sa: «Sjå, vi er dine tenarar.»
19 Då sa Josef til dei: «Ver ikkje redde! Er eg i Guds stad?