18 Sidan kom brørne sjølve og kasta seg ned for han og sa: «Sjå, vi er dine tenarar.»
19 Då sa Josef til dei: «Ver ikkje redde! Er eg i Guds stad?
20 De tenkte å gjera meg vondt, men Gud tenkte det til det gode, for han ville gje liv til eit stort folk, slik vi ser i dag.
21 Så ver ikkje redde! Eg skal syta for dykk og borna dykkar.» Slik trøysta han dei og tala til hjartet deira.
22 Josef vart buande i Egypt, både han og farshuset hans. Han vart 110 år gammal.
23 Josef fekk sjå borna til Efraim i tredje ledd. Og borna til Makir, son til Manasse, vart fødde på knea til Josef.
24 Josef sa til brørne sine: «No skal eg døy. Men Gud skal sjå til dykk og føra dykk opp frå dette landet til det landet han lova Abraham, Isak og Jakob.»