22 Josef vart buande i Egypt, både han og farshuset hans. Han vart 110 år gammal.
23 Josef fekk sjå borna til Efraim i tredje ledd. Og borna til Makir, son til Manasse, vart fødde på knea til Josef.
24 Josef sa til brørne sine: «No skal eg døy. Men Gud skal sjå til dykk og føra dykk opp frå dette landet til det landet han lova Abraham, Isak og Jakob.»
25 Og Josef tok Israels-sønene i eid og sa: «Når Gud ser til dykk, då skal de føra knoklane mine med herifrå.»
26 Så døydde Josef, 110 år gammal. Dei balsamerte han, og han vart lagd i ei kiste i Egypt.