5 Far min tok meg i eid og sa: Når eg no døyr, må du leggja meg i den grava eg kjøpte meg i Kanaan. Lat meg difor få dra opp og gravleggja far min og så koma tilbake!»
6 Farao sa: «Dra berre opp og gravlegg far din, slik han lét deg sverja.»
7 Så drog Josef opp for å gravleggja far sin. Alle tenarane til farao, dei eldste i faraos hus og dei eldste i landet drog opp saman med Josef.
8 Heile Josefs hus, brørne og farshuset hans var òg med. Berre dei små borna, småfeet og storfeet lét dei vera att i Gosen.
9 Han hadde òg med seg vogner og ryttarar, så det vart eit stort følgje.
10 Dei kom til Goren-Haatad, som ligg på den andre sida av Jordan, og heldt der ei stor og verdig sørgjehøgtid. Josef sørgde over far sin i sju dagar.
11 Kanaanearane som budde i landet, såg sørgjehøgtida i Goren-Haatad og sa: «Det er ei verdig sørgjehøgtid egyptarane held.» Difor kalla dei staden Abel-Misrajim. Han ligg på den andre sida av Jordan.