9 Han hadde òg med seg vogner og ryttarar, så det vart eit stort følgje.
10 Dei kom til Goren-Haatad, som ligg på den andre sida av Jordan, og heldt der ei stor og verdig sørgjehøgtid. Josef sørgde over far sin i sju dagar.
11 Kanaanearane som budde i landet, såg sørgjehøgtida i Goren-Haatad og sa: «Det er ei verdig sørgjehøgtid egyptarane held.» Difor kalla dei staden Abel-Misrajim. Han ligg på den andre sida av Jordan.
12 Sønene gjorde med Jakob som han hadde bode dei.
13 Dei førte han til Kanaan og gravla han i hòla på Makpela-marka, austafor Mamre, det jordstykket Abraham kjøpte av hetitten Efron for å ha til gravstad.
14 Då Josef hadde gravlagt far sin, drog han tilbake til Egypt saman med brørne sine og alle som hadde drege opp med han for å gravleggja Jakob.
15 Då brørne til Josef såg at far deira var død, sa dei: «Berre no ikkje Josef legg oss for hat og gjev oss att for alt det vonde vi har gjort mot han!»