5 Og Noah gjorde alt som Herren hadde pålagt han.
6 Noah var 600 år då storflaumen kom over jorda.
7 Så gjekk Noah inn i arka saman med sønene sine, kona og svigerdøtrene, for å koma unna vatnet frå storflaumen.
8 Av dei reine dyra og av dei som ikkje var reine, av fuglane og av alt som kryp på marka,
9 kom to og to inn til Noah i arka, hann og ho, slik Gud hadde pålagt Noah.
10 Og etter sju dagar hende det. Då kom vatnet frå storflaumen over jorda.
11 I det året då Noah fylte 600 år, den syttande dagen i den andre månaden, braut alle kjelder i det store djupet fram, og himmelslusene opna seg.