11 Eg opprettar mi pakt med dykk: Aldri meir skal det henda at alt kjøt og blod blir utrydda av vatnet frå storflaumen. Aldri meir skal det koma ein storflaum for å leggja jorda i øyde.»
12 Og Gud sa:«Dette teiknet set egfor pakta mellom meg og dykkog kvar levande skapning som er hos dykki komande slekter til alle tider:
13 Eg set bogen min i skyene,han skal vera eit teikn på paktamellom meg og jorda.
14 Når eg samlar skyer over jordaog bogen syner seg i skyene,
15 då vil eg koma i hug paktamellom meg og dykkog kvar levande skapning,alt kjøt og blod.Aldri meir skal vatnet bli til ein storflaumsom øydelegg alt kjøt og blod.
16 Når bogen syner seg i skyene,vil eg sjå han og koma i hug den evige paktamellom Gud og kvar levande skapning,alt kjøt og blod på jorda.»
17 Gud sa til Noah: «Dette er teiknet på den pakta eg opprettar mellom meg og alt kjøt og blod på jorda.»