15 då vil eg koma i hug paktamellom meg og dykkog kvar levande skapning,alt kjøt og blod.Aldri meir skal vatnet bli til ein storflaumsom øydelegg alt kjøt og blod.
16 Når bogen syner seg i skyene,vil eg sjå han og koma i hug den evige paktamellom Gud og kvar levande skapning,alt kjøt og blod på jorda.»
17 Gud sa til Noah: «Dette er teiknet på den pakta eg opprettar mellom meg og alt kjøt og blod på jorda.»
18 Sønene til Noah som gjekk ut av arka, var Sem, Ham og Jafet. Ham var far til Kanaan.
19 Desse tre var sønene til Noah, og frå dei breidde menneska seg ut over heile jorda.
20 Noah tok til å dyrka jorda, og han planta ei vinmark.
21 Då han drakk av vinen, vart han full og kledde av seg inne i teltet sitt.