4 Men kjøt som har liv i seg, det vil seia blod, skal de ikkje eta.
5 For dykkar eige blod og liv vil eg krevja dykk til rekneskap. Eg vil krevja kvart dyr til rekneskap, og eg vil krevja kvart menneske til rekneskap for livet til eit medmenneske.
6 Den som auser ut menneskeblod,ved menneske skal hans blod bli aust ut,for Gud laga mennesket i sitt bilete.
7 Men de skal vera fruktbare og bli mange,myldra på jorda og bli mange der!»
8 Så sa Gud til Noah og sønene hans:
9 «No vil eg oppretta mi pakt med dykk og etterkomarane dykkar
10 og med kvar levande skapning hos dykk, både fuglar og fe og alle ville dyr som er hos dykk, alle som gjekk ut av arka, alle dyr på jorda.