1 Herren ropa på Moses og tala til han frå teltheilagdomen:
2 Tal til israelittane og sei til dei: Når nokon hos dykk ber fram eit offer for Herren, skal de ta det frå buskapen, anten av storfeet eller av småfeet.
3 Dersom det er eit brennoffer av storfeet, skal han bera fram eit hanndyr utan feil. Han skal ofra det framfor inngangen til teltheilagdomen, så han kan vinna velvilje for Herrens andlet.
4 Han skal leggja handa på hovudet til brennofferet, så det kan takast imot med velvilje og gjera soning for han.