1 Herren sa til Moses: Tal til prestane, Arons søner, og sei til dei: Ein prest skal ikkje gjera seg urein mellom landsmennene sine med å røra ved eit lik,
2 om det då ikkje gjeld ein nær slektning: mor, far, son, dotter eller bror.
3 Ei syster som er jomfru og ikkje har fått nokon mann, kan han òg gjera seg urein ved når han er næraste slektningen.
4 Ein gift mann må ikkje gjera seg urein mellom landsmennene sine så han vanhelgar seg sjølv.
5 Prestane skal ikkje klippa seg snaue på hovudet, dei skal ikkje raka skjegget i kantane og ikkje skjera seg opp på kroppen.
6 Dei skal vera heilage for sin Gud og ikkje vanhelga namnet til sin Gud, for dei ber fram Herrens gåveoffer til mat for sin Gud. Difor skal dei vera heilage.
7 Ingen av dei må gifta seg med ei kvinne som er prostituert eller vanæra, og heller ikkje med ei kvinne som er skild frå mannen sin. For presten er heilag for sin Gud.
8 Og du skal halda han heilag; han ber fram mat for din Gud. Han skal vera heilag for deg; for eg, Herren, som helgar dykk, er heilag.
9 Når ei prestedotter vanhelgar seg med prostitusjon, vanhelgar ho far sin. Ho skal brennast.
10 Den som er øvsteprest mellom brørne sine, han som har fått salvingsoljen helt over hovudet, er innsett i tenesta og kledd i dei heilage kleda, han skal ikkje la håret hanga fritt og ikkje riva sund kleda.
11 Han må ikkje gå inn til nokon som er død; ikkje eingong for sin eigen far eller si eiga mor skal han gjera seg urein.
12 Han må ikkje gå ut or heilagdomen og ikkje vanhelga sin Guds heilagdom. For han er innvigd ved sin Guds salvingsolje. Eg er Herren.
13 Den kvinna han gifter seg med, må vera jomfru;
14 han må ikkje ta ei kvinne som er enkje, fråskild, vanæra eller prostituert. Berre ei jomfru av sitt eige folk skal han ta til kone,
15 så han ikkje skal vanhelga etterkomarane sine i folket. For eg er Herren, som helgar han.
16 Herren sa til Moses:
17 Tal til Aron og sei: Gjennom alle slekter skal ingen av etterkomarane dine som har ein feil på kroppen, koma og bera fram mat for sin Gud.
18 Ingen som har ein feil, kan ofra: ingen som er blind eller halt, ingen med ein kroppsdel som er for kort eller for lang,
19 ingen som har ein broten fot eller arm,
20 ingen som er krylryggja eller dverg, ingen som har ein kvit flekk på auga eller skabb eller utslett, og ingen som er skadd i pungen.
21 Ingen etterkomar av presten Aron som har ein feil, skal koma og bera fram Herrens gåveoffer. Har han ein feil, skal han ikkje koma og ofra mat for sin Gud.
22 Han kan få eta maten til sin Gud, både av det høgheilage og av det heilage.
23 Men han må ikkje koma inn til forhenget og ikkje gå fram for altaret, sidan han har ein feil; han må ikkje vanhelga heilagdomane mine. For eg er Herren, som helgar dei.
24 Dette sa Moses til Aron og sønene hans og til alle israelittane.