3. Mosebok 4 N11NN

Syndofferet

1 Herren sa til Moses:

2 Sei til israelittane:Det kan henda at ein person syndar av vanvare ved å gjera noko som Herrens bod forbyr.

3 Dersom det er den salva presten som syndar og fører skuld over folket, skal han ofra ein ung, feilfri okse som syndoffer til Herren for den synda han har gjort.

4 Han skal koma med oksen til inngangen til teltheilagdomen, for Herrens andlet, leggja handa på hovudet til oksen og slakta han for Herrens andlet.

5 Den salva presten skal ta noko av okseblodet og bera det inn i teltheilagdomen.

6 Han skal dyppa fingeren i blodet og skvetta litt av det sju gonger for Herrens andlet, framfor forhenget i heilagdomen.

7 Noko av blodet skal presten stryka på horna på altaret for den krydra røykjelsen, det som står for Herrens andlet i teltheilagdomen. Resten av okseblodet skal han hella ut ved foten av brennofferaltaret, det som står framfor inngangen til teltheilagdomen.

8 Alt feittet skal han ta ut or syndofferoksen, feittet som dekkjer innvolane, alt feittet som er på innvolane,

9 begge nyrene med feittet innmed hoftemusklane, og leverlappen, som han skal ta bort saman med nyrene,

10 på same måten som det vart gjort med oksen til fredsofferet. Så skal presten la alt gå opp i røyk på brennofferaltaret.

11 Men skinnet av oksen og alt kjøtet, med hovud og bein, innvolar og mageinnhald,

12 heile oksen, skal han ta ut av leiren til ein rein stad, der dei tømmer den feite offeroska, og brenna han opp med ved. På den staden der dei tømmer offeroska, skal han brennast.

13 Det kan henda at heile Israels forsamling syndar av vanvare og gjer noko som eitt av Herrens bod forbyr, og slik fører skuld over seg utan at forsamlinga er klar over saka.

14 Då skal forsamlinga, når synda blir kjend, ofra ein ung okse til syndoffer. Dei skal koma til teltheilagdomen med han,

15 dei eldste i forsamlinga skal leggja hendene på hovudet til oksen for Herrens andlet, og så skal dei slakta oksen for Herrens andlet.

16 Den salva presten skal bera noko av okseblodet inn i teltheilagdomen.

17 Presten skal dyppa fingeren i blodet og skvetta noko av det sju gonger framfor forhenget, for Herrens andlet.

18 Noko av blodet skal han stryka på horna på det altaret som står for Herrens andlet i teltheilagdomen. Resten av blodet skal han hella ut ved foten av brennofferaltaret, det som står framfor inngangen til teltheilagdomen.

19 Alt feittet skal han ta ut or oksen og la gå opp i røyk på altaret.

20 Som han gjorde med den første syndofferoksen, slik skal han gjera med denne òg. Såleis skal presten gjera soning for dei så dei får tilgjeving.

21 Han skal føra oksen ut av leiren og brenna han, slik han brende den første oksen. Dette er syndofferet for forsamlinga.

22 Det kan henda at ein leiar syndar av vanvare, gjer noko eitt av boda til Herren hans Gud forbyr, og slik fører skuld over seg,

23 eller at han blir gjord kjend med ei synd han har gjort. Då skal han koma med ein feilfri geitebukk som offergåve.

24 Han skal leggja handa på hovudet til bukken og slakta han på same staden som dei slaktar brennofferdyret, for Herrens andlet. Dette er eit syndoffer.

25 Presten skal ta noko av syndofferblodet på fingeren og stryka det på horna på brennofferaltaret. Resten av blodet skal han hella ut ved foten av brennofferaltaret.

26 Alt feittet skal han la gå opp i røyk på altaret, slik han gjorde med feittet av fredsofferet. Såleis skal presten gjera soning for han og for synda hans, så han får tilgjeving.

27 Det kan henda at ein av folket syndar av vanvare ved å gjera noko eitt av Herrens bod forbyr, og slik fører skuld over seg,

28 eller han blir gjord kjend med ei synd han har gjort. Då skal han koma med ei geit som offergåve for synda han har gjort, eit feilfritt hodyr.

29 Han skal leggja handa på hovudet til syndofferdyret og slakta det på same staden som dei slaktar brennofferdyret.

30 Presten skal ta noko av blodet på fingeren og stryka det på horna på brennofferaltaret. Det som er att av blodet, skal han hella ut ved foten av altaret.

31 Alt feittet skal han ta til sides, slik dei gjer med feittet frå fredsofferet. Presten skal la det gå opp i røyk på altaret til godange for Herren. Såleis skal presten gjera soning for han, så han får tilgjeving.

32 Dersom han kjem med ein sau som offergåve for synd, skal det vera eit feilfritt hodyr.

33 Han skal leggja handa på hovudet til syndofferdyret og slakta det til eit syndoffer på same staden som dei slaktar brennofferdyret.

34 Presten skal ta noko av syndofferblodet på fingeren og stryka det på horna på brennofferaltaret. Resten av blodet skal han hella ut ved foten av altaret.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27