1 Herren sa til Moses:
2 «Hent Aron og sønene hans, ta prestekleda, salvingsoljen, syndofferoksen, dei to vêrane og korga med usyra brød.
3 Kall saman heile forsamlinga framfor inngangen til teltheilagdomen!»
4 Moses gjorde som Herren hadde pålagt han, og forsamlinga kom saman ved inngangen til teltheilagdomen.
5 Moses sa til forsamlinga: «Dette har Herren pålagt meg å gjera.»
6 Så førte Moses Aron og sønene hans fram og vaska dei med vatn.
7 Han tok på Aron kjortelen, spente beltet om han, kledde han i kappa, hengde efod-drakta på han med beltet som høyrde til, og feste drakta på han med det.
8 Han sette bryststykket på han, og i bryststykket la han urim og tummim.
9 Han sette turbanen på hovudet hans, og framme på turbanen feste han gullplata, det heilage diademet, slik Herren hadde pålagt han.
10 Så tok Moses salvingsoljen og salva Guds bustad og alt som var i han, og helga det.
11 Sju gonger skvette han olje over altaret og salva både det og alt som høyrde det til, og vaskekaret med understell. Slik helga han det.
12 Noko av salvingsoljen helte han over hovudet på Aron og salva og helga han.
13 Moses førte Aron-sønene fram, kledde dei i kjortlar, spente belte om dei og batt turbanane på dei, slik Herren hadde pålagt han.
14 Så leidde han fram syndofferoksen, og Aron og sønene hans la hendene på hovudet til oksen.
15 Han vart slakta, og Moses tok blodet og strauk det på altarhorna med fingeren og reinsa altaret for synd. Resten av blodet helte han ut nedmed altarfoten. Slik gjorde han soning for altaret og helga det.
16 Så tok han alt feittet på innvolane og leverlappen og begge nyrene med feittet som var på dei. Moses lét det gå opp i røyk på altaret.
17 Men oksen med skinn, kjøt og mageinnhald brende han i elden utanfor leiren, slik Herren hadde pålagt han.
18 Så leidde han fram brennoffervêren, og Aron og sønene hans la hendene på hovudet til vêren.
19 Han vart slakta, og Moses stenka blodet rundt om på altaret.
20 Vêren vart lema sund, og Moses lét både hovudet og stykka og feittet gå opp i røyk.
21 Innvolane og beina vart vaska i vatn. Så lét Moses heile vêren gå opp i røyk på altaret. Det var eit brennoffer til godange for Herren, eit gåveoffer for Herren slik han hadde pålagt Moses.
22 Så leidde han fram den andre vêren, vigslingsvêren, og Aron og sønene hans la hendene på hovudet til vêren.
23 Han vart slakta, og Moses tok noko av blodet og strauk på høgre øyresnippen til Aron, på høgre tommelfingeren og høgre stortåa hans.
24 Så vart sønene til Aron førte fram, og Moses strauk noko av blodet på høgre øyresnippen, høgre tommelfingeren og høgre stortåa deira. Resten av blodet stenka han rundt om på altaret.
25 Han tok feittet, både feitthalen, alt feittet på innvolane, begge nyrene med feittet som var på dei, og så det høgre låret.
26 Frå korga med usyra brød som stod for Herrens andlet, tok han ei rund, usyra kake, ei oljekake og eit flatt brød og la det på feittet og det høgre låret.
27 Alt dette la han i hendene på Aron og sønene hans og lét dei svinga det som eit svingeoffer for Herrens andlet.
28 Moses tok det av hendene deira og lét det gå opp i røyk på altaret saman med brennofferet. Det var eit vigslingsoffer til godange for Herren. Eit gåveoffer for Herren var det.
29 Så tok Moses bryststykket og svinga det som svingeoffer for Herrens andlet. Det var den delen Moses fekk av vigslingsvêren, slik Herren hadde pålagt han.
30 Så tok Moses noko av salvingsoljen og av blodet som stod på altaret, og skvette det på Aron og kleda hans og på sønene hans og kleda deira. Slik helga han Aron og kleda hans og sønene og kleda deira.
31 Og Moses sa til Aron og sønene hans: «De skal koka kjøtet ved inngangen til teltheilagdomen og eta det der saman med brødet som er i vigslingskorga, slik eg har bode: Aron og sønene hans skal eta det.
32 Men det som blir att av kjøtet og brødet, skal de brenna opp.
33 Og i sju dagar skal de ikkje forlata inngangen til teltheilagdomen, heilt til den dagen vigslingstida er ute. I sju dagar skal vigslinga vara.
34 Som de har gjort i dag, slik har Herren bode at det skal gjerast sidan, til soning for dykk.
35 De skal halda dykk ved inngangen til teltheilagdomen i sju dagar, både dag og natt, og akta på det som Herren har fastsett, så de ikkje skal mista livet. For det har eg fått påbod om.»
36 Og Aron og sønene hans gjorde alt det som Herren hadde bode dei gjennom Moses.