1 Arons søner Nadab og Abihu tok kvar si glopanne, gjorde opp eld i dei, la røykjelse på elden og bar uvigsla eld fram for Herrens andlet. Det hadde han ikkje bode dei.
2 Då fór det ut eld frå Herren og brende dei opp, og dei døydde framfor Herrens andlet.
3 Og Moses sa til Aron: «Dette var det Herren tala om då han sa: På dei som er meg nær, viser eg meg heilag; framfor heile folket viser eg min herlegdom.» Då tagde Aron.
4 Men Moses kalla på Misjael og Elsafan, sønene til Ussiel, Arons onkel, og sa til dei: «Kom hit og ber brørne dykkar bort frå heilagdomen og utanfor leiren!»
5 Dei kom og bar dei ut av leiren med kjortlane på, som Moses hadde sagt.