15 Låret som blir gjeve i offergåve, og brystet som blir svinga, skal de bera fram saman med feittet av gåveofferet og svinga det som eit svingeoffer for Herrens andlet. Det skal vera den fastsette delen for deg og borna dine for alltid, slik Herren har bode.»
16 Men Moses spurde etter syndofferbukken, og sjå, han var oppbrend! Då vart han sint på Elasar og Itamar, dei av Arons søner som var att, og sa:
17 «Kvifor har de ikkje ete syndofferet på den heilage staden? Det er då eit høgheilagt offer! Det har Herren gjeve dykk for å ta bort skulda frå forsamlinga og gjera soning for dei for Herrens andlet.
18 Blodet vart ikkje ført til det indre av heilagdomen. De skulle jo ha ete offerkjøtet i heilagdomen, slik eg har bode!»
19 Då sa Aron til Moses: «I dag har dei bore fram syndofferet og brennofferet sitt framfor Herrens andlet, og sjå kva som har råka meg! Om eg hadde ete syndoffer i dag, ville det ha vore rett i Herrens auge?»
20 Moses høyrde det, og det var rett i hans auge.