3 Og Moses sa til Aron: «Dette var det Herren tala om då han sa: På dei som er meg nær, viser eg meg heilag; framfor heile folket viser eg min herlegdom.» Då tagde Aron.
4 Men Moses kalla på Misjael og Elsafan, sønene til Ussiel, Arons onkel, og sa til dei: «Kom hit og ber brørne dykkar bort frå heilagdomen og utanfor leiren!»
5 Dei kom og bar dei ut av leiren med kjortlane på, som Moses hadde sagt.
6 Då sa Moses til Aron og til Elasar og Itamar, sønene hans: «De skal ikkje la håret hanga fritt eller riva sund kleda, for då skal de døy, og Herrens vreide kjem til å råka heile forsamlinga. Men brørne dykkar, heile Israels hus, skal gråta over den elden som Herren har tent.
7 Gå ikkje bort frå inngangen til teltheilagdomen, for då kjem de til å døy! For Herrens salvingsolje er på dykk.» Dei gjorde som Moses sa.
8 Herren sa til Aron:
9 «Vin eller sterk drikk må du og sønene dine ikkje drikka når de går inn i teltheilagdomen, for då skal de døy. Dette er ei evig forskrift gjennom alle slekter