2 Sei til israelittane: Dette er dei dyra som de kan eta av alle dyreslag på jorda:
3 Alle som har klauver, klauver som er kløyvde heilt igjennom, og som jortar, kan de eta.
4 Det er berre desse de ikkje må eta av dei som jortar eller som har klauver: kamelen, for han jortar, men har ikkje klauver, han er urein for dykk;
5 og fjellgrevlingen, for han jortar, men har ikkje klauver, han er urein for dykk;
6 og haren, for han jortar, men har ikkje klauver, han er urein for dykk;
7 og grisen, for han har klauver, klauver som er kløyvde heilt igjennom, men jortar ikkje, han er urein for dykk.
8 Kjøtet av desse dyra må de ikkje eta, og dei daude kroppane må de ikkje røra. Dei er ureine for dykk.