27 Og alle firføtte dyr som går på labbar, er ureine for dykk. Den som kjem nær den daude kroppen, er urein heilt til kvelds.
28 Og den som ber ein slik kropp, skal vaska kleda sine, og han er urein heilt til kvelds. Dei er ureine for dykk.
29 Av smådyra som myldrar på jorda, er desse ureine for dykk: moldvarpen, musa og alle slag firfisler,
30 anaka-firfisla, koah-firfisla, letaa-firfisla, salamanderen og kameleonen.
31 Desse smådyra er ureine for dykk. Den som kjem nær dei når dei er daude, er urein heilt til kvelds.
32 Alt det som eit slikt daudt dyr dett ned på, blir ureint, anten det er trekar eller klede, skinn eller sekker eller nokon annan bruksting. Det skal leggjast i vatn, og det er ureint heilt til kvelds. Sidan er det reint.
33 Dett eit slikt dyr ned i eit leirkar, blir alt det som er i karet, ureint, og karet skal de slå sund.