34 Kjem det vatn derifrå på noko som kan etast, blir det ureint. Alt som kan drikkast, blir ureint i slike kar.
35 Alt det som eit av desse daude dyra dett ned på, blir ureint. Anten det er ein bakaromn eller ein kokeomn, skal dei slåast sund. Dei er ureine, og ureine skal dei vera for dykk.
36 Berre kjelder og brønnar som det samlar seg vatn i, er framleis reine. Men den som kjem nær det daude dyret, blir urein.
37 Dett dyret ned i korn som skal såast, er kornet like reint.
38 Men har dei slege vatn på kornet, og det så dett eit daudt dyr nedi, er kornet ureint for dykk.
39 Når eit dyr som de kan eta, døyr, då er den som kjem nær det daude dyret, urein heilt til kvelds.
40 Den som et av dyret, skal vaska kleda sine, og han er urein heilt til kvelds. Og den som ber eit slikt dyr, skal òg vaska kleda, og han er urein heilt til kvelds.