36 Berre kjelder og brønnar som det samlar seg vatn i, er framleis reine. Men den som kjem nær det daude dyret, blir urein.
37 Dett dyret ned i korn som skal såast, er kornet like reint.
38 Men har dei slege vatn på kornet, og det så dett eit daudt dyr nedi, er kornet ureint for dykk.
39 Når eit dyr som de kan eta, døyr, då er den som kjem nær det daude dyret, urein heilt til kvelds.
40 Den som et av dyret, skal vaska kleda sine, og han er urein heilt til kvelds. Og den som ber eit slikt dyr, skal òg vaska kleda, og han er urein heilt til kvelds.
41 Alle smådyra som myldrar på jorda, er motbydelege. Dei må ikkje etast.
42 Anten dei kryp på buken, eller dei går på fire eller fleire føter, må de ikkje eta dei. Dei er motbydelege.