38 Men har dei slege vatn på kornet, og det så dett eit daudt dyr nedi, er kornet ureint for dykk.
39 Når eit dyr som de kan eta, døyr, då er den som kjem nær det daude dyret, urein heilt til kvelds.
40 Den som et av dyret, skal vaska kleda sine, og han er urein heilt til kvelds. Og den som ber eit slikt dyr, skal òg vaska kleda, og han er urein heilt til kvelds.
41 Alle smådyra som myldrar på jorda, er motbydelege. Dei må ikkje etast.
42 Anten dei kryp på buken, eller dei går på fire eller fleire føter, må de ikkje eta dei. Dei er motbydelege.
43 Gjer ikkje dykk sjølve motbydelege ved smådyr av noko slag! Gjer dykk ikkje ureine ved dei, så de ikkje sjølve blir ureine!
44 For eg er Herren dykkar Gud. De skal helga dykk og vera heilage. For eg er heilag. De skal ikkje gjera dykk ureine ved smådyra som det kryr av på jorda.