4 Det er berre desse de ikkje må eta av dei som jortar eller som har klauver: kamelen, for han jortar, men har ikkje klauver, han er urein for dykk;
5 og fjellgrevlingen, for han jortar, men har ikkje klauver, han er urein for dykk;
6 og haren, for han jortar, men har ikkje klauver, han er urein for dykk;
7 og grisen, for han har klauver, klauver som er kløyvde heilt igjennom, men jortar ikkje, han er urein for dykk.
8 Kjøtet av desse dyra må de ikkje eta, og dei daude kroppane må de ikkje røra. Dei er ureine for dykk.
9 Dette kan de eta av alt det som lever i vatnet: Alt som har finnar og skjel, anten det lever i hav eller elvar, kan de eta.
10 Men alt som ikkje har finnar og skjel, anten det finst i havet eller i elvane, alt som yrer i vatnet, alt som lever der, det skal vera motbydeleg for dykk.